Eg hadde i grunnen ikkje tenkt å ha nokon bestillingsfrist, men for å få best mogleg oversikt i førekant av stemnet så har eg sett ein frist. Fristen er sett til fredag 6.juli. Eg har fått inn mange bestillingar, og det er framleis plass til fleire :)
No har bestillinga av fotografering under NM opna! Håpar det er mange som vil benytte seg av tilbodet :) Tidlegare har eg brukt eit gammalt og utslite Canon EOS 350D, men no har eg oppgradert til 60D så no er det berre fryd og gammen! Dersom det er noko du lurer på må du ikkje nøle med å ta kontakt :)
Ina Informasjon om Fjordhest-NM er lagt ut under fana "Interessert i bilete?".
Sida er ikkje heilt oppdatert med dei nyaste bileta, det tek tid å legge inn så mange bilete. Men det kjem etterkvart :) Så no får vi berre håpe at det er mange som bestiller fotografering til Fjordhest-NM 2012! :) Stemnesesongen er i gong, og eg var på mitt første stemne som fotograf denne sesongen for to veker sidan. Då var det dressurstemne i den flotte hallen på Sunnfjord Hestesportsenter i Florø. Kjem til å legge ut bilete i frå det stemnet etter kvart, må få gjort siste finpuss på dei gamle bileta før eg byrjar på dei nye.
Biletet nedanfor er av Hilde Seilen og fjordhingsten Sofin som vann både LB og LA i Florø. I kveld har eg bestilt meg nytt objektiv! Sidan eg ikkje har så veldig god råd så vart det eit relativt billig objektiv. De vil kanskje vite kva objektiv eg har bestilt? Det er eit Canon 50mm 1.8 objektiv. Det er veldig lyssterkt og det passar perfekt for meg. På førehand har eg lest mykje på nettet om dette objektivet, og har fått inntrykk av at det er eit bra objektiv. Dersom du er interessert i å vite meir om objektivet, så finn du meir info på Akam.no sin prisguide. |