FJORDHEST-NM 2012:
I år har eg fått æra av å vere stemnefotograf under fjordhest-NM på Voss 9.-14.juli. Og i samband med det arrangementet har eg tenkt å tilby sal av bileta som vert tekne. Det skal føregå slik: for dei som ynskjer bilete, så ynskjer eg å få inn bestilling i førekant av stemnet, slik at eg har ei oversikt over kva ekvipasjar eg skal prioritere når eg kjem på stemneplassen. Du kan også tinge bestilling etter at veka har begynt, men eg vil helst ha inn alle bestillingar i førekant. Etter avtale med arrangøren skal eg ha ei framvising av bileta mine på prosjektor om kveldane, slik at de kan få sjå korleis resultata har blitt. Eg kan ikkje love at eg rekk over alle som har bestilt, fordi det er mange klassar som går paralellt. Men eg skal prøve så godt eg kan :)
Prisar:
Dressurriding/køyring/presisjon: 100,- /klasse
Sprang/maraton/terreng: 75,- /klasse
Pakkepris for BUF/greinmeisterskap/NM-samandrag/knøttecup: 250,-/samandrag
Pakkepris for 3 startande klassar: 250,-
Lagbilete: 150,-/lag
Tillegg for CD og porto: 30,-
For desse prisane får du orginalbileta på CD i posten, derfor vert det tillegg for CD og porto. Desse bileta vert kun til privat bruk (framkalling o.l.). Til nettbruk kan du bruke eventuelle bilete som eg publiserar. Dersom det er ynskje om å bruke dei bileta eg har sendt på CD, på internett, så må du sende meg ei liste over kva bilete du vil ha også skal eg signere dei og sende dei på mail :) Eg vil at betaling skal vere i orden før eg leverer bileta. Betalingsinformasjon får du av meg.
BESTILLINGSFRIST:
Fredag 6.juli!